Simen Smestad vant europacuprunden i utforsykling på Voss - i et regnvær så kolossalt at arrangøren måtte kalle inn ekstra ambulanse under kvalikrunden.
Anders Skarpeid frå Voss MTB klubb kan vegen gjennom Bavallskogen, og dreg i land 2.plassen i master-klassen. Til jubel for lokale løyperyddarar. Foto: Tor Einar Wahl
Lesetid: 4 minutter
Laurdag vart idrettsbygda Voss endå litt rikare, då Europa-eliten i MTB downhill sette fyr på skogen i Bavallen. I vanleg vestlandsregn var det sjølvsagt ikkje grantrea som vart tende på for betre skilinjer i Voss Resort, men utøvarar, publikum og kameralinser som flamma opp i ekstase over heftig løype og hard sykling.
Ekstremsportveko har i fleire år hatt som mål å få laga store internasjonale konkurransar, og i 2022 lukkast dei mellom anna med å få sin første europacup i sykling. Slikt skjer ikkje av seg sjølv.
Under fjorårets noregscup fekk løypa mykje skryt, for jamn høg fart, tekniske parti og krevjande drop. Dette var ikkje nok for miljøet som ville ruste opp løypa til årets konkurranse.
– Dei har stått på dag og natt, seier sportssjef for ekstremsportveko, June Jansson.
I ein månad har løypegjengen frå Voss MTB klubb, under leiing av Berzerk Trailcrew, jobba lange dagar for å komma i mål med ein drøy oppgradering av utforløypa på Voss. Noko som ikkje berre gav konkurranseeliten dagar med fantastisk sykling.
– Med denne nye løypa trur eg sykkelmiljøet i bygda har fått eit skikkeleg løft for mange år framover.
Løypa startar nesten på toppen av Hanguren, litt nedom der gondolen kjem opp. Frå starten er det eit maskinbygga parti med svært høg fart og eit dropp før ein kjem inn i det første korte skogspartiet. Dette opnar så opp i nokre store doseringar som ender i ein gap over ein bekk. Her startar Vossa-skogen for fullt med røter og krevjande terreng, avbrutt mellom anna av ein 7-meter roadgap. Inn mot mål opnar det seg opp med hopp og full gass inn i ein wall ride.
– Her var det ein kar som flaug av wall riden og kropps-raila gjerdet før han dundra under mål-portalen. På kvalliken, heldigvis. Og utan skade. Tida stoppa korrekt til og med, seier arrangementsleiar, Hilde Strædet. Ho er svært nøgd med konkurransen.
– Kva var det største problemet for arrangementet?
– Regnet! I går måtte me mellom anna kalla inn ein ekstra ambulanse då det vart vel mange kræsj på rappen. Men i dag har dette gått meir smertefritt. Bokstaveleg talt.
Tett skog med krevjande røter som både slangar seg i fartsretninga og som heller på tvers av køyreretninga, er noko som kjenneteiknar Bavallsløypa. Med 15 millimeter regn siste 24 timar skapa dette fleire avgjerande parti.
– Eg hadde nok jamn flyt heile vegen, og tok sekunder overalt. Akkurat i inngangen til skogen var der eg visste ag absolutt måtte treffe. Her er det teknisk og ein kan ta med seg masse fart… eller ikkje. Men eg traff!
Simen Smestad vann herreklassen og gliser frå gjørmeflekk til gjørmeflekk.
I tillegg til Europeisk cup for herrer, damer og juniorar, var det norsk cup for dei yngre årsklassane. Her var det bra deltaking, og minst like store jubel i mål, der nervøse, imponerte og lett overtende foreldre jubla inn dei drøyt tøffe unge syklistane:
– Han er ikkje heilt nøgd trur eg, seier far, Morten Eilertsen, om sonen Storm.
– Forstår. Tida vart kanskje ikkje så bra som du håpa? Men du vann likevel?
– Jo, eg vann, svarar Storm medan eit smil finn vegen fram under heilhjelmen.
Og med ei slik løype vart det nok mange glis – og mange vinnarar. Vinnarane av resultata vart slik:
Elite menn:
Simen Smestad (NOR) 2:57:910
Tristian Botteram (NED) 3:07:680
Atle Laakso (NOR) 3:09:478
Elite damer:
Julia Hensmanns (GER) 5:37:524
Katja Gallitzendörfer (GER) 7:07:373
U19 menn:
Walle Tunsved (SWE) 3:23:181
Patrick Venturi (ITA) 3:23:556
Sondre Laurits Rid Goska (NOR) 3:43:177
U17 menn:
Marco Lamaris (GRE) 3:15:428
Eliel Maukonen (FIN) 3:25:924
Fabrizio Schütz (SUI) 3:27:104
U17 Kvinner:
Nellie Aabech (NOR) 5:03:632
Masters:
Paolo Alleva (ITA) 3:34:016
Anders Skarpeid (NOR) 3:53:422
Eki Vainikka (FIN) 3:54:880
Gutar 10-12:
Storm Rødby Eilertsen (NOR) 4:23:528
Marcus Karlsen Waldal (NOR) 4:58:714
Styrk Strømmen Een (NOR) 5:31:249
Gutar 13-14:
Simon Flatvad (NOR) 3:49:754
Petter Sakshaug Hansen (NOR) 4:02:153
Marius Enger (NOR) 4:05:536
Jenter 10-12:
Tess Van Weerdhuizen (NED) 6:14:957
Jenter 13-14:
Izabela Lidzbarska (NOR) 6:43:920
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Terrensykkel,
Fri Flyt, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Terrengsykkel.no skriver om gode sykkelopplevelser og er det naturlige startstedet på nett. Terrengsykkel.no gir deg inspirasjon til å sykle mer, finne nye stier og holder deg oppdatert med grundige utstyrstester.